onsdag 5. juni 2013

Oppussingshysteri

Med fare for å få alle interiørbloggarar på nakken( ikkje at eg trur dei les denne bloggen her), så kjem eit lite hjartesukk ang.nettopp interiør.  Overalt ser eg kvitmåla veggar, kvite møblar, kvite tepper, grå kister og stolar. Alt er som teke ut av Møbelringen eller Bohus.  Kva hende med den individualistiske innreiinga?  Og når dei vert intervjua, desse som skal ha alt kvitt, så bedyrar dei at dei har ein individuell stil. Men, der tek de feil: De er alle like! 
Personleg set eg meir og meir pris på gamle, brukte ting. Inventar som har ei historie å fortelje, noko som ikkje alle har. 
Eg trur vi kanskje kjem til eit punkt der folk faktisk kan få nok av det kvite. Når folket går i eitt med interiøret, vert det ikkje noko stas.  Mitt hus er eit kaos av fargar og stilartar, og ein feng shui-konsulent hadde sikkert fått anfall av mitt tilfeldig møblerte heim.  Men, eg likar det, og det er vel streng tatt det viktigaste- ikkje at alle dei eg syner det fram til skal like det.

Vel, berre eit hjartesukk.  Og ei lita innrømming til slutt: eg skal snart kjøpe meg ny spisestove/etestove........... og ho blir... grå. Trur eg. Eller kvit... eller brun.... eller........