onsdag 5. juni 2013

Oppussingshysteri

Med fare for å få alle interiørbloggarar på nakken( ikkje at eg trur dei les denne bloggen her), så kjem eit lite hjartesukk ang.nettopp interiør.  Overalt ser eg kvitmåla veggar, kvite møblar, kvite tepper, grå kister og stolar. Alt er som teke ut av Møbelringen eller Bohus.  Kva hende med den individualistiske innreiinga?  Og når dei vert intervjua, desse som skal ha alt kvitt, så bedyrar dei at dei har ein individuell stil. Men, der tek de feil: De er alle like! 
Personleg set eg meir og meir pris på gamle, brukte ting. Inventar som har ei historie å fortelje, noko som ikkje alle har. 
Eg trur vi kanskje kjem til eit punkt der folk faktisk kan få nok av det kvite. Når folket går i eitt med interiøret, vert det ikkje noko stas.  Mitt hus er eit kaos av fargar og stilartar, og ein feng shui-konsulent hadde sikkert fått anfall av mitt tilfeldig møblerte heim.  Men, eg likar det, og det er vel streng tatt det viktigaste- ikkje at alle dei eg syner det fram til skal like det.

Vel, berre eit hjartesukk.  Og ei lita innrømming til slutt: eg skal snart kjøpe meg ny spisestove/etestove........... og ho blir... grå. Trur eg. Eller kvit... eller brun.... eller........

fredag 3. mai 2013

Fredagfin

Endeleg fredag, og helga litt ubrukt framføre meg. Herleg. Planer? Stort sett få orden på huset etter hektiske veker, lage mat, gå tur, spele spel, lese og høyre musikk.  Om eg er skikkeleg lur, så vaskar eg og høyrer musikk på same tid. Her snakkar vi effektivitet :)

Vêret er litt merkeleg for tida, men eg skal trøyste meg med frøplanting i morgon. Ser fram til å kunne sitje ute og drikke kaffe, medan lukta frå ivrige erteblomer spreier seg på tunet.  Viktig å ha noko å sjå fram til.

torsdag 2. mai 2013

Kveldsmusikk--- min favoritt

Av alle triste kjærleikssongar, så må jo denne nesten vere den tristaste. Teksten talar for seg.......

Nytt

Dette vert mitt fyrste blogginnlegg. Skremande, men og litt artig.  Og kva skal ein skrive om når ein bloggar for fyrste gong. Det hadde kanskje vore høveleg å skrive noko om meg sjølv, men sidan dette ikkje skal bli ein personleg blogg, så vel eg å ikkje gjere det.  Då vel eg heller å skrive litt om boka eg les just nu. Sult av Knut Hamsun. Eg har nemleg fått det føre, at eg skal lese meg gjennom heile Hamsun sitt forfattarskap. Eg har allereie lese Victoria og Markens Grøde, men no tenkte eg at eg skulle starte på byrjinga. 
Eg er fascinert av Hamsun sin måte å skrive på. I motsetnad til Ibsen var han ikkje like happy for at kvinnenene skulle få hevde sin rett.  Han har likevel ein meget romantisk skildring av mange av kvinneskikkelesane i forfattarskapet sitt, og desse kjem eg nok til å ha eit spesielt auge til no når eg tek til på den fyrste boka.
Jepp,då var det gjort. Fyrste bloggpost, og eg skriv enno. Ikkje verst. 
No er det natt, så då må ein tørne inn, som dei seier på sjøen.